Mønster
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mønster er noko som kan gjentakast eller blir gjenteke etter visse reglar, og kan visa til bilde, lyd, handlingar og modellar av ulike slag. Mønster finst mellom anna i naturen og i matematikken, og blir laga bevisst av menneske i formgjeving og anna kunst. Å finna mønster i hendingar kan også vera med på å løysa problem.
Ordet «mønster» kjem av mellomalderlatin monstra, 'prøvestykke', frå latin monstrare, 'visa fram'. Konkret kan ordet visa til noko som kan brukast til å laga ein slags kopi av noko, til dømes eit hekle-, strikke- eller symønster. Ved å snakka om «mønster» kan ein også visa til uttrykket ein får når noko blir gjenteke fleire gonger, til dømes stripe- eller rutemønster.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «mønster» i Nynorskordboka.
- «mønster» i Store norske leksikon, snl.no.